Om løpet – Storehesten opp
Storehesten Opp er eit motbakkeløp som vart arrangert for første gong i 2006. Gaular Idrettslag står som arrangør av løpet i nært samarbeid med grunneigarar i området. Ei mengd frivillege, kommunen, lag og organisasjonar legg til rette for arrangementet.
Løpet og fjellturen er lagt opp både for konkurransedeltakarar og mosjonistar. Norges Friidrettsforbund har utarbeidd tekniske retningsliner for motbakkeløp i Norge. Konkurransetraseen i Storehesten Opp ligg innafor desse retningslinene.
Visjonen kring Storehesten Opp er å marknadsføre og gjere betre tilgjengeleg den fantastiske og heilt spesielle naturen i denne delen av Sunnfjord, like ved dørstokken til Førde by.