Viktig informasjon dagen før dagen

Siste nytt frå arrangementskomiteen:

  • Nettpåmelding er no stengt. Påmelding til sekretariat fredag frå kl. 18.30-20.00 eller laurdag frå kl. 08.00
  •  Første buss frå Sveen går kl. 08.30
  •  Siste buss ned frå Stølshaugane etter endt løp går kl. 16.30
  •  Deltakarar i konkurranse kort løype startar på Stølshaugane kl. 12.09. Busstid frå Sveen er ca 20 minutt.
  •  Konkurranse startar på Sveen kl. 12.09. Hugs obligatorisk sekk med minst 2.5 kg – varme og vind-/vanntette kle bør vere i sekken. Sekk kan vegast på Sveen.
  •  Siste drikkestasjon er ved Gapahuken (ved Grunnevatnet, 785 moh). Der er det ca 2.5 km/425hm til mål, så drikke derifrå og til toppen må ein bære med seg sjølv.
  •  Ta på og med godt med kle; vann- og vindtett. Varmt og tørt klesskift, vottar, hue bør vere med i sekken. Veret skiftar fort, og nedbør kan kome overraskande på.
  •  Dagsturhytta Skaraly er open (hugs å ta av skoa når du går inn!)
  •  Arrangøren har bemanna drikkestasjonar på Berge, Stølshaugane, Kårstadskaret (litt før dagsturhytta Skaraly) og Gapahuken. Vakter og tidtakarar på toppen, men ikkje drikkestasjon. Arrangør set opp ein lavvo på Vardehaugane.
  •  Røde Kors har bemanna stasjonar på Sveen (ved start), Kårstadskaret, Vardehaugane (ca 900 moh) og på toppen.

Vel møtt!

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61