Storehesten Opp utsett til 22.08.2015

Rulleskirennet går som planlagt fredag 26. juni 2015. 

Vi har idag avgjort at vi flyttar motbakkeløpet Storehesten Opp til 22.08.2015. Vi har dei siste dagane gjort fleire synfaringar av løypa, og det ligg framleis svært mykje snø i fjellet. Per idag ligg det snø i heile løypa frå Kårstadskaret til toppenI toppartiet er det framleis store skavlar på nordsida, også toppen er dekka med snø. Dei store snømengdene gjer til at vi framleis har snøskredfare på nordsida av Storehesten, og vår risikovurdering med omsyn til skredfaren på nordsida av fjellet tilseier at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre arrangementet som planlagt 27. juni i år. 

Nokre er førehandspåmelde til løpet. Vi vil ta kontakt med dykk med spørsmål om de vil la påmeldinga stå til 22.08 eller om de ynskjer å få påmeldingsavgifta refundert. Vi stengjer no nettpåmeldinga nokre dagar, men tek den opp igjen når vi har fått formidla informasjon om utsetjinga av arrangementet i media, via epost og i sosiale medier.

Rulleskirennet går som planlagt fredag 26.06.15 kl. 18.00. Les meir informasjon om løpet her. Påmelding til gaularlangrenn@live.no

Kontaktperson Motbakkeløpet Storehesten Opp: Helge Kårstad, tlf 48020261.

Kontaktperson Rulleskirenn Storehesten Opp: Anne Lilleaasen, tlf. 48080022.

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61