Storehesten Opp 2020: Når du vil

På grunn av restriksjonar for arrangement i samband med koronapandemien, vil ikkje motbakkeløpet Storehesten Opp bli gjennomført i si tradisjonelle form i 2020. Sidan det framleis er tilrådd å vere i fysisk aktivitet og ute i friluft (men ikkje så mange på same tid), vil arrangementskomiteen og Gaular IL legge til rette for at du kan delta i ein alternativ variant, nemleg «Storehesten Opp – Når du vil».

I perioden 15. juni – 15. august kan du nemleg ved å gå tur til Storehesten (når du vil og så langt du vil!) og støtte idrettslaget med ei lita deltakaravgift, delta i trekkinga av flotte gåvepremiar. Det vil også vere ein deltakarpremie til alle! Detaljar om korleis du kan delta, samt meir informasjon om den alternative utgåva av arrangementet, vil vi kome tilbake til. Følg med!

Vi sjåast i fjellet i sommar!

Aktiv helsing frå arrangementskomitéen for Storehesten Opp

 

 

.

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61