Storehesten Opp 2013 – Påmelding opna!

Dato for årets arrangement er sett til laurdag 29. juni 2013. Dette blir også NM i Motbakkeløp 2013 for senior, junior og veteranar. Påmeldinga er klar via nettsidene våre.

NM og konkurranseløparar startar samtidig. Merk at det er berre dei som melder seg på i NM og representerer ein klubb tilknytt Norges Friidrettsforbund som kan kjempe om NM-medaljane. Alle konkurranseløparar kjempar om Storehesten Opp sine klassevinnarpremiar.

Mosjon med tid og mosjon startar som tidlegare på Stølshaugane (fellesstart mosjon med tid). Sjå meir under praktisk info.

Sett av datoen, meld deg på idag – og start treninga!

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61