Storehesten Opp 2007, den 30 juni nærmar seg – og vèrmeldingane er gode!

Påmeldingane har strøyma inn siste dagane. Nettpåmeldinga stengde vi i dag onsdag 27 juni kl. 16.00. Påmelding heretter direkte på tlf. 48020261 eller ved oppmøte/start på Sveen lørdag 30 juni.

Som sagt ser det ut til å blir ein fin sommardag på lørdag. Husk likevel gode sko. Under siste oppstigningen til Storehesten ligg litt snø igjen enkelte stader, så om du ikkje vil bli våt på beina bør du ha rimeleg tette sko. Elles er løypa svært fin no. Vi anbefalar alle å stikke innom dei store lavoane som er plassert på Vardehaugane, – like ved løypa, – ca 900 moh bak Storehesten. «Storehesten Opp for alle» og som mosjonist bestemmer du sjølv kor langt du vil gå.

Du er hjarteleg velkommen til Storehesten Opp 2007 i Bygstad førstkomande lørdag.

Slik blir vèret: www.yr.no eller www.storm.no

Storehesten Opp 2007 får eigen klasse for funksjonshemma, les meir under Praktisk info på Klasseinndeling.

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61