No kan du delta i «Storehesten – Når du vil»

Gaular IL har på grunn av restriksjonar som følgje av koronapandemien valt å gjennomføre eit annleis Storehesten Opp i 2020. I år kan du gå turen «Når du vil» og likevel få høve til å delta i trekkinga av flotte gåvepremiar og samtidig støtte idrettslaget.

Slik kan du delta:

Støtt Gaular IL med kr. 50,- per pers som deltek

Betaling skjer med bruk av Vipps:
1) Søk opp Gaular Idrettslag #106795.
2) Vel «Se alle produkter»
3) Vel «Storehesten – Når du vil»
4) Trykk på + til ønska tal deltakarar

NB! Du kan gi det du ønsker av støtte, uavhengig av om/kor langt du går, og kor mange personar du melder på. Namnet til den som betalar og kor mange det er betalt for blir registrert i høve trekking av gåvepremiar. Dersom du vil få registrert alle namna i høve trekking av gåvepremiar, kan du sende oss namna på epost på storehestenopp@gmail.com

Konkurrere? Sjekk ut appen Strava, der er det fleire segment i Storehesten-området

NB! Deltaking skjer på eige ansvar. Gaular IL har ikkje dette året ekstra merking av løypetraséen eller bemanna stasjonar.

Premiar:

Alle som deltek som skissert over:
– Er med i trekkinga av flotte gåvepremiar. Kvar påmelding/støtte gjeld som eit lodd i høve utrekkspremiar
– Kan hente seg ein flott Storehesten Opp-buff hos M.M Øvrebø eller Spar Bygstad mot framvising av Vippsbetaling

Del gjerne bilete frå deltakinga di – på facebooksida vår Motbakkeløpet Storehesten Opp eller instagram ved emneknaggen #storehestennårduvil

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61