Korleis kome hit?

Bygstad ligg i Sunnfjord kommune, ca 20 km frå Førde by.

Køyrande frå Bergen tek av frå E39 på Sande til rv 610 mot Dale, følg skilting til Bygstad (Rv 57). Køyrande frå Førde tek du av frå E39 ved Storehaugen til Rv 57 mot Bygstad. Du vert frå begge retningar møtt av vakter som viser deg til parkering i startområdet. Sjå kart over området på www.gulesider.no

Du kan ta fly til Førde lufthavn, Bringeland (FDE). Widerøe flyg dagleg direktefly til og frå Oslo. Sjå www.wideroe.no

Det går dagleg buss frå Bergen, Oslo og Trondheim, samt lokale ruter i fylket. Nokre har endepunkt i Førde. Sjå www.kringom.no eller www.nor-way.no

Sentrum for arrangementet er Sveen i Bygstad. Sveen er arena for sekreteriat, matservering og toalett. Premieutdeling seinast kl. 17.00. Det vil vere skilta til ”Storehesten Opp” frå E39.

Du finn kart til dømes her

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61