Oppdatert føreinformasjon (26. juni)

Vi har i år arbeidd med å oppruste stien frå Stølshaugane til Kårstadstølen, samt jobba vidare med steinlegging i partiet frå Kårstadstølen til Kårstadskaret. Frå Stølshaugane er det no hellelagt i starten, grussti vidare før ein kjem inn i partiet med ein del røter. Her er det førebels ikkje gjort justeringar, men det vil kome seinare år. Det har også vore gjort sikringsarbeid på stien siste biten mot Kårstadskaret (før de passerer elva).

Første snøpartiet vil de møte ved det første vatnet like etter Kårstadskaret. Det er generelt meir snø i terrenget enn tidlegare, men i sjølve stien er det berre flekkvis med snø i partiet opp og forbi Vardehaugane. Det varme veret vi har no gjer til at det stadig smeltar mykje snø i løypa. Vi vil merke godt med oransje tau og merkespray i snøen. Sjølve toppartiet er snøfritt, medan bakkane opp frå Vardehaugane til toppen av ura (ca 1100moh) stort sett vert snødekt. Ver varsame med å gå utanfor merka løype om de ikkje er kjent. Det kan vere fare for skodde i toppartiet.

Røde Kors vil ha postar langs løypa. Drikkestasjonar er som tidlegare ved Berge og på Stølshaugane (konkurranse), ved Kårstadskaret, Vardehaugane (også lavvoar her) og på toppen.

Det er førebels meldt noko grått ver, så kle dykk godt. Nytt terreng- eller fjellsko og ta med varme og tørre kle til toppen.

VEL MØTT!

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61