Oppdatering frå løypa

Det er no under 1 månad att til årets arrangement – 29. juni 2013. Samanlikna med fjoråret då vi hadde mykje snø i fjellet, ligg det i år førebels an til at mykje av trasèen vert snøfri. Per idag går ein til ca 700 moh til fots, berre over eit par snøflekkar. Det er også delvis snøfritt etter dette. Oppover frå Vardehaugane (ca 850 moh) er det snødekt, men toppartiet har idag ein del snøfrie parti.

Det vert i desse tider jobba i stien med grøfting, stein- og gruslegging, slik at utgangspunktet skal verte enno betre enn tidlegare år.

Følg gjerne med på Facebook-sida vår, der vi legg ut bilete og anna nyhende frå arrangementet og løypa. Og for dykk som kan halde rekordfart – Jackpot’en er i år på kr. 200 000,- (under 1 time for menn, under 1t 13 min for kvinner). Sjå også www.motbakkecup.no for informasjon om NECON motbakkecup 2013.

Vi ynskjer alle vel møtt til årets arrangement!

Kontakt

Adr: Storehesten Opp
v/Helge Kårstad
6977 Bygstad

Tlf: 48 02 02 61