Om Storehesten
Storehesten (også kalla Kvamshesten i nyare tid) er namnet på det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord og ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden. Saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest dannar dette fjellmassivet ein 360 millionar år gammal devonavsetning eller konglomerat- og sandstein.
Frå toppen av Storehesten (1209 moh) kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. For Bygstad eller bygda som ligg under Storehesten i sør, har fjellet alltid prega det daglege livet, ja alt frå vardebrenning i vikingtid til beite, jakt og turgåing og fjellklatring i nyare tid.
Nemnast må og at ein hestehandlar frå Bygstad ein gong selde Storehesten til ein kar i frå Valdres på marknaden i Lærdal. Karen frå Valdres som var av den snakksalige sorten, vart stum når han fekk sjå kva han hadde kjøpt.