Engelsk flagg English

Praktisk informasjon:

KORLEIS KOME HIT?

Bygstad ligg i Gaular kommune i Sunnfjord, ca 20 km frå Førde by.

Køyrande frå Bergen tek av frå E39 på Sande til rv 610 mot Dale, følg skilting til Bygstad (rv 57). Køyrande frå Førde tek du av frå E39 ved Storehaugen til rv 57 mot Bygstad. Du vert frå begge retningar møtt av vakter som viser deg til parkering. Frå parkering er det busstransport til start på Sveen. Sjå kart over området på www.gulesider.no

Du kan ta fly til Førde lufthavn, Bringeland (FDE). Widerøe flyg dagleg direktefly til og frå Oslo og Bergen. Sjå www.wideroe.no

Det går dagleg buss frå Bergen, Oslo og Trondheim, samt lokale ruter i fylket. Nokre har endepunkt i Førde. Sjå www.kringom.no eller www.nor-way.no

Sentrum for arrangementet er Sveen i Bygstad. Sveen er arena for sekreteriat, matservering, dusj og toalett. Her vil også vere underhaldning heile dagen og premieutdeling kl. 17.00. Det vil vere skilta til ”Storehesten Opp” frå E39.

Du finn kart til dømes her 

SEKRETARIAT / PRISAR

Opningstider sekretariat/etterpåmelding på Sveen: 

Fredag 24. august: kl. 18.30 - 20.00
Laurdag 25. august: kl. 08.00 - 11.30

Vi har betalingsterminalar og det er høve til å betale med Vipps.

Påmelding - prisar

Merk at det er KUN førehandspåmelde INNAN 1. august som får t-skjorte. Dette er endring frå tidlegare år.

Klasse

Pris til og med 23. august (då stenger nettpåmelding)

Pris ved påmelding til sekretariatet på Sveen

Konkurranse

Kr. 400 (+lisens kr. 50)

Kr. 500 (+lisens kr. 50)

Konkurranse kort

Kr. 300 (+lisens kr. 40)

Kr. 400 (+lisens kr. 50)

Mosjon vaksen (frå 15 år)

Kr. 150 (+lisens kr. 30)

Kr. 250 (+lisens kr. 30)

Mosjon ungdom 13-14 år

Kr. 100 (+lisens kr. 20)

Kr. 100 (+lisens kr. 20)

Mosjon barn t.o.m 12 år

Kr. 100 (ikkje krav om lisens)

Kr. 100 (ikkje krav om lisens)

Prisen inkluderer busstransport opp til Stølshaugane (for konkurranse kort og mosjon), busstransport ned frå Stølshaugane (alle), og ein er med i trekking av gåvepremiar.

Alle løp med startkontigent på over 50kr (uahvengig om det er tidtaking eller ikkje) er lisenspliktige. Det betyr at arrangøren skal kreve inn lisens frå deltakerane..Pris på eingangslisens er rekna ut frå sum på startkontingent. Dei som har heilårslisens får refundert utgifter til eingangslisens. Les meir hos Friidrettsforbundet. Sjå ofte stilte spørsmål og svar om lisens her.

STARTTIDSPUNKT

Konkurranse: Fellesstart frå Sveen kl. 12.09

Konkurranse kort løype: Fellesstart frå Stølshaugane kl. 12.09

Mosjon startar på Stølshaugane (410 moh.) i enden av skogsbilvegen frå Berge/ Rytnane mellom kl. 09.00 og 11.00.

Alle betalande deltakarar får gratis busstransport til og frå Stølshaugane. Første buss går kl. 08.30, deretter fortløpande. Siste buss opp går kl. 11.30.


DRIKKESTASJONAR

I alt 5 drikkestasjonar. Det vert servert vatn, sportsdrikke og saft (berre vatn og sportsdrikk på dei to første).

Dei er plassert på Berge (2.5km, 190hm), Stølshaugane (5km, 410hm), Kårstadskaret (7km, 665hm), Vardehaugane (ca 9km, 950hm) og på Toppen (11km, 1209hm).

KRAV TIL DELTAKARANE

Alle deltakarane i konkurranseklasse må ha sekk på 2,5kg. Det blir hengt opp vekter ved start og det vil bli tatt stikkprøver på toppen. Deltakarar i konkurranse kort løype har ikkje krav om sekk, men vi oppmodar alle til å ta med vind- og regntette kle då veret fort kan endre seg i høgfjellet.

KLASSEINNDELING

Mosjonsklasse (utan tid)
Ingen vidare klasseinndeling

Konkurranse kort løype (med tid)
Gutar/jenter (15 - 22 år)
Menn/kvinner (23 år og eldre)

Konkurranseklasse frå Sveen (med tid):
Gutar/jenter (15 - 17 år)
Gutar/jenter (18 - 19 år)
Gutar/jenter (20 - 22 år)
Menn/kvinner (23 - 34 år)
Menn/kvinner (35 - 39 år)
Menn/kvinner (40 - 44 år)
Menn/kvinner (45 - 49 år)
Menn/kvinner (50 - 54 år)
Menn/kvinner (55 - 59 år)
Menn/kvinner (60 - 64 år)
Menn/kvinner (65 - 69 år)
Menn/kvinner (70+ år)

PREMIERING

Premieutdeling på Sveen så snart som arrangementet tillet det (seinast kl. 17.00)

T-skjorte til alle som melder seg på INNAN 1. august.

Konkurranseklasse

Nr 1 Herre, uansett klasse kr 5000
Nr 1 Dame, uansett klasse kr 5000

Nr 2 Herre, uansett klasse kr 3000
Nr 2 Dame, uansett klaasse kr 3000

Nr 3 Herre, uansett klasse kr 1000
Nr 3 Dame, uansett klasse kr 1000

Kr. 1000 til beste ungdomsløpar (jente og gut) totalt i klassane 15 - 19 år.

Klassevinnarpremiar

Pengepremiar for løyperekord: Ein Jackpot for løyperekord (dame og herre) vart oppretta i 2015 av BILDELER FØRDE AS (kr 15000 i kvar klasse). Potten vart dobla i 2016 av BILDELER FØRDE AS og REKNESKAP FJORDANE AS. I 2017 er det tillagt kr. 15 000 i både herre- og dameklassen av Bildeler Førde AS og Rekneskap Fjordane AS. Totalt er difor Jackpot for ny rekord både i herre- og dameklassen kr. 45 000.

Konkurranse kort løype 

Nr 1 Jenter, kr 1 000
Nr 1 Gutar, kr 1 000

Nr 1 Kvinner, kr 1 000
Nr 1 Menn, kr 1 000

Mosjonsklasse utan tid

Uttrekkspremiar på startnummer

NB! Alle klassevinnar- og uttrekkspremiar må hentast under premieutdelinga (blir ikkje ettersendt).


LØYPETRASE

Sjå løype- og stigningskart under - og les gjerne om turen hos ut.no her!

Lengde frå start på Sveen, høgde over havet og terrengtypar

Sveen – Berge 

0-2,5 km  og   0-190 m.oh.

asfaltert offentleg veg

Berge – Stølshaugane

2,5-5 km  og   190 – 410 m.o.h

grusa skogsbilveg

Stølshaugane – Skaret

5  -  7 km  og  410 -  665 m.o.h

skogs-/ beiteterreng og sti

Skaret – Sauekrånakkane

7  -9,8 km  og 665 - 1000 m.o.h

lett fjellterreng og sti

Sauekrånakkane – Toppen 

9,8-11  km  og 1000 - 1209 m.o.h

ur/ stein og lett fjellterreng

Merking: Merka med kombinasjon av oransje tau, T-merking/vardar og gule vegstikker med band frå Kårstadskaret til toppen. Spraymerking i snøparti.

Konkurranseklassen startar på Sveen, og følgjer løypetraseen til toppen. Lengda på traseen er 11,02 km med stigning på 1209 meter. I tilfelle ekstreme veirtilhøve  (særleg vind) vil målområdet blir trekt ned til dei 2 lavoane som står under Sauekrånakkane, ca 1000 m.o.h. Dette vil i så fall bli gjort kjent dagen før løpet.

Mosjonsklassen og konkurranse kort løype startar på Stølshaugane (busstransport dit) og følgjer deretter same trasè som konkurranseløparane. Lengde: 6km. Høgdeskilnad: 800m til toppen.