Om løpet - Storehesten opp
Storehesten Opp er eit motbakkeløp som vart arrangert for første gong i 2006. Gaular Idrettslag står som arrangør av løpet i nært samarbeid med grunneigarar i området. Ei mengd frivillege, kommunen, lag og organisasjonar legg til rette for arrangementet.
Løpet og fjellturen er lagt opp både for konkurransedeltakarar, mosjonistar og funksjonshemma. Norges Friidrettsforbund har utarbeidd tekniske retningsliner for motbakkeløp i Norge Konkurransetraseen i Storehesten Opp ligg innafor desse retningslinene.
Visjonen kring Storehesten Opp er å marknadsføre og gjere betre tilgjengeleg den fantastiske og heilt spesielle naturen i denne delen av Sunnfjord, like ved dørstokken til Førde by.
English