Engelsk flagg English

STOREHESTEN OPP 2017 

Til trass for utfordrande vertilhøve var det mange blide fjellfolk å sjå i løypa i går. Vi valde å flytte målgang frå Storehesten til Vardehaugane, ca 900 moh og 9 km på grunn av dei vanskelege vertilhøva. Nær 80 konkurranseløparar stilte til start i konkurranseklassene, og kring 200 i mosjonsklassa. Neste år håpar vi på sol!

Gratulerer til Ole Martin Erdal (Førde IL) og May Britt Buer (Gular) med sigerane i konkurranseklassa, og til Øystein Støfring (Jølster IL) og Kathrine Rørtveit (Gular) i konkurranse kort.

Resultat frå motbakkeløpet finn de her

Resultat frå rulleskirennet finn de her.