Engelsk flagg English

PROGRAM FOR STOREHESTEN OPP 2014 

Programmet for Storehesten Opp 2014 er no klart. Som vanleg kan mosjons-klassen starte allereie frå kl 08.00, medan konkurranse- og mosjonsklassen på tid startar kl 12.09. Det blir premieutdeling på Sveen kl 17.00.  Om kvelden blir det bryggedans med Dr Doc. Alt ligg til rette for ein flott dag i Bygstad, så det er berre å melde seg på.

Sjå program for Storehesten Opp 2014.

PÅMELDING TIL STOREHESTEN OPP 2014 

No kan du melde deg på til Storehesten Opp laurdag 28. juni 2014. Du kan velje mellom konkurranseklasse og mosjonsklasse på tid, og mosjonsklasse utan tid. Løyperekordane både for menn og kvinner vart sette i 2011; John Sompol på 1:03:15 og Heidi Weng på 1:17:14.