Engelsk flagg English

BILETE OG REPORTASJAR FRÅ 2013

Her finner du bilder frå årets løp!

For reportasjonar frå arrangementet, sjå FIRDA her, KONDIS her, NRK Sogn og Fjordane her - og ikkje minst TV2 Sport her


TAKK FOR I ÅR!

Vi vi takke både deltakarar og funksjonærar for ein kjempeflott Storehesten Opp-dag. Dagen starta noko trått med store nedbørsmengder, men heldigvis letta det etter kvart. 

Vinnarar i NM vart Karoline Holsen Kyte og Johan Bugge i U22 (15-22 år), Thorbjørn T. Ludvigsen og Kirsten Melkevik Otterbu i seniorklassene. I mosjon med tid, var Kristin Søvik Syltesæter og Asgeir Årdal raskast, medan Torgeir Hovland stakk av med sigeren i yngste klassa. 

I NM/konkurranse var det 192 startande, medan 31 starta i mosjon med tid. Det er det høgste talet startande i konkurranse vi har hatt på fleire år. 

Vi gledar oss også over at mange sprekingar tok turen i mosjonsklassa! Her enda vi på heile 669 påmelde. Vi er godt nøgde med ein total på 892 deltakarar på ein dag som starta med særdeles grått vêr. 

Vel møtt igjen til neste år!

SNART KLARE FOR ÅRETS LØP

No er vêrmeldingane gode, og 381 deltakarar er førehandspåmelde. I NM er det 168 påmelde, så det vert ein stor gjeng som spring ut frå start i år.  

Påmeldingsfristen via nett er no gått ut, men det er høve til å melde seg på til sekretariatet på Sveen (der starten går) fredag mellom 18-20 eller laurdag fram til kl. 10 for dei med tidtaking eller 11 for mosjon. Siste buss går til Stølshaugane 11.30.

Vel møtt!

OPPDATERING FRÅ LØYPA

Det er no under 1 månad att til årets arrangement - 29. juni 2013. Samanlikna med fjoråret då vi hadde mykje snø i fjellet, ligg det i år førebels an til at mykje av trasèen vert snøfri. Per idag går ein til ca 700 moh til fots, berre over eit par snøflekkar. Det er også delvis snøfritt etter dette. Oppover frå Vardehaugane (ca 850 moh) er det snødekt, men toppartiet har idag ein del snøfrie parti. 

Det vert i desse tider jobba i stien med grøfting, stein- og gruslegging, slik at utgangspunktet skal verte enno betre enn tidlegare år. 

Følg gjerne med på Facebook-sida vår, der vi legg ut bilete og anna nyhende frå arrangementet og løypa. Og for dykk som kan halde rekordfart - Jackpot'en er i år på kr. 200 000,- (under 1 time for menn, under 1t 13 min for kvinner). Sjå også www.motbakkecup.no for informasjon om NECON motbakkecup 2013. 

Vi ynskjer alle vel møtt til årets arrangement! 

STOREHESTEN OPP 2013 - PÅMELDING OPNA!

Dato for årets arrangement er sett til laurdag 29. juni 2013. Dette blir også NM i Motbakkeløp 2013 for senior, junior og veteranar. Påmeldinga er klar via nettsidene våre.  

NM og konkurranseløparar startar samtidig. Merk at det er berre dei som melder seg på i NM og representerer ein klubb tilknytt Norges Friidrettsforbund som kan kjempe om NM-medaljane. Alle konkurranseløparar kjempar om Storehesten Opp sine klassevinnarpremiar. 

Mosjon med tid og mosjon startar som tidlegare på Stølshaugane (fellesstart mosjon med tid). Sjå meir under praktisk info.

Sett av datoen, meld deg på idag - og start treninga!  

STOREHESTEN OPP 2011 - PÅ VIDEO!

No kan du få oppleve Storehesten Opp "live". Danske Claus Guttesen deltok i mosjon med tid I 2011, og filma løpet frå Stølshaugane til toppen. Han takkar for eit flott tilrettelagt arrangement frå a til å, der alt var heilt topp unntatt veret, og det styrer ingen. Han har sendt oss ei redigert utgåve av filmen (ligg på YouTube).

Arrangementskomiteen takkar for videoen og dei gode tilbakemeldingane!