Engelsk flagg English

TAKK FOR IDAG!

På grunn av store nedbørsmengder, store elvar og vind måtte målgang for årets løp flyttast til Kårstadskaret. Mange spreke folk deltok likevel, og skapte god stemning til trass for ein våt dag. Vi takkar alle deltakarar for oppmøtet!

Vinnarar vart Øyvind Heiberg Sundby og May Britt Buer i konkurranse og Joakim Ø. Vedvik og Stine Mari Taule i mosjon med tid. Marit Stuhaug vann uttrekkspremien på 10 000 kroner, trekt blant dei førehandspåmelde.

Resultata finn de her.

Sjå bilde frå Storehesten Opp 2012 nedanfor!

VELKOMEN TIL STOREHESTEN OPP 30. JUNI 2012

Her er programmet for Storehesten Opp 2012 (500 kB).

Jack-pot'en for å bryte 1 timers-grensa (1t 13 min for kvinner) har i år nådd 150 000 kroner. 

Rekordane har Heidi Weng (1.17.14) og John M. Sompol (1.03.15), begge sett i 2011.

OPPDATERT FØREINFORMASJON (26.juni)

Vi har i år arbeidd med å oppruste stien frå Stølshaugane til Kårstadstølen, samt jobba vidare med steinlegging i partiet frå Kårstadstølen til Kårstadskaret. Frå Stølshaugane er det no hellelagt i starten, grussti vidare før ein kjem inn i partiet med ein del røter. Her er det førebels ikkje gjort justeringar, men det vil kome seinare år. Det har også vore gjort sikringsarbeid på stien siste biten mot Kårstadskaret (før de passerer elva). 

Første snøpartiet vil de møte ved det første vatnet like etter Kårstadskaret. Det er generelt meir snø i terrenget enn tidlegare, men i sjølve stien er det berre flekkvis med snø i partiet opp og forbi Vardehaugane. Det varme veret vi har no gjer til at det stadig smeltar mykje snø i løypa. Vi vil merke godt med oransje tau og merkespray i snøen. Sjølve toppartiet er snøfritt, medan bakkane opp frå Vardehaugane til toppen av ura (ca 1100moh) stort sett vert snødekt. Ver varsame med å gå utanfor merka løype om de ikkje er kjent. Det kan vere fare for skodde i toppartiet.

Røde Kors vil ha postar langs løypa. Drikkestasjonar er som tidlegare ved Berge og på Stølshaugane (konkurranse), ved Kårstadskaret, Vardehaugane (også lavvoar her) og på toppen.

Det er førebels meldt noko grått ver, så kle dykk godt. Nytt terreng- eller fjellsko og ta med varme og tørre kle til toppen.

VEL MØTT!


TRENINGSTIPS FOR JUNI

Det er på tide å starte formtoppinga til 30.juni. For konkurranseløparen er det no lurt å leggje inn ein periode på ca 14 dagar med meir "mengde" (fram til ca 15-20 juni). Langturane kan no godt vere litt lenger, det same med intervalldraga, og du skal ikkje køyre deg "i kjellaren" på intervalldraga. Ligg på "terskel" - det vil seie at du ikkje vert særleg stiv. Du skal no ha litt fleire treningstimar enn du normalt har. Er du nybyrjar, reduserer du litt på lengda på intervalldrag/total lengde på økta.

3-dagars program (3 dg per veke)

Økt 1: Intervall. 5 x 5 minutt (2.5 min pause mellom kvart drag). Alternativt 3 x 10 minutt, eller 45 sek arbeid - 15 sekund pause x 20. Intensitet 3.

Økt 2: Distanse: Halvhardt tempo i 20 min - 1 time. Intensitet 3, avslutte like fort som du startar.

Økt 3: Rolig langtur. 1 - 3 timar. Rolig pratetempo. Intensitet 1-2. 

Har du høve til 5 økter, plussar du på med ei intervalløkt og ein langtur til. Styrketrening for mage-rygg og bein kan du legge til eit 15 minutts program etter ei-to økter per veke. 

Rørsleform: ski, sykkel, springing. Prøv å legg dei harde øktene til motbakketerreng, uavhengig av rørsleform.

PÅMELDINGA ER OPNA !

Meld deg på via nettet – og vinn 10 000 kroner !

Alle som melder seg på til Storehesten Opp 2012 via nettet, vil vere med å kjempe om ein uttrekkspremie på heile 10 000 kroner.
Melder du deg på før 1. mai, 3-doblar du sjansane dine, og før 1. juni doblar du sjansane dine til å vinne. Vi trekkjer ut og offentleggjer vinnaren på premieutdelinga på Sveen på løpsdagen.

Påmeldinga er opna, så meld deg på i dag og ver med i trekkinga!

Gladmelding til alle frå Storehesten Opp !

Storehesten Opp v/Gaular IL er nyleg tildelt ei gåve på heile 175 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Pengane vil bli nytta til vidare opprusting av stien frå Stølshaugane til toppen på Storehesten. Dette er ei fantastisk gåve som gjer det muleg for oss å tilby ei endå betre og sikrare løype i 2012, til glede både for konkurranseløparar og mosjonistar, seier leiar i arrangementskomiteen, Helge Kårstad.

Sparebankstiftinga har tidlegare gitt 100 000 kroner til arbeidet med stien. Med god støtte frå helikopterselskapet Airlift er desse pengane brukt til å legge ut store steinheller på våte parti. No kan dette arbeidet fullførast.