3. løp i Salomon Motbakkecup - Storehesten Opp
Det er jamnt i teten i Salomon Motbakkecup etter Storehesten Opp. May Britt Buer (Gular IL) og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Fana) leiar framleis. Beste Gaular IL løparar i cupen er Audhild Hestad på 6. plass og Andrè Haugsbø på 18. plass.
Sjå oppslag på motbakkecup.no
Uvanleg god tryggleik under Storehesten Opp
Den kenyanske løparen som vart send til sjukehus med skadd kne, er allereie på beina att. Han har ikkje fått indre skader, og kunne gå normalt seinare på kvelden. Eit godt tryggleiksopplegg gjorde det muleg å frakte løparen raskt til sjukehus med helikopter.
Medieomtale av Storehesten Opp 2011
Nettsida kondis.no. "Det var opphaldsver det meste av tida i løpet, men det regna på toppen og Storehesten var innpakka i skyer. Likevel var dette ein stor deltakarsuksess med 182 konkurranseløparar og 1009 i trimklassen."
Sjå oppslag og mange fine bilde frå løpet på kondis.no.
Avisa Firda hadde fokus på Robert Tirob frå Kenya, som fekk øydelagt løpet etter stygt fall. Det er sånt som skjer i denne idretten. Ikkje minst når det er såpass glatt, seier Tirob og trur skaden skuldast hans eigen feil. Det var eit lite sekund kor eg ikkje var heilt skjerpa.Dermed trakka eg feil, og skaden var skjedd, seier han.
Sjå oppslag i avisa Firda 27. juni 2011 (førsteside + side 8-9).
Sjå innstikk i Firda 22. juni 2011; side 1 - side 2 og 3 - side 4
Nye bestetider i Storehesten Opp 2011
Ny bestetid i herreklassen er på 1.03.15; John Sombol, Barakarunner. Og i dameklassen 1.17.14; Heidi Weng IL BUL. I konkurranseklassen frå Sveen til toppen på Storehesten stilte 121 løparar til start, og i mosjonsklassen med tid deltok 61 løparar. Totalt 182, ti fleire enn i 2010. I mosjonsklassen utan tid deltok heile 1 009 mosjonistar.
Resultatliste 2011 pr klasse og løype og resultatliste 2011 konkurranseklasse
Bilder Storehesten Opp 2011
Program for Storehesten Opp 2011
Sekretariat opnar kl 08.00, og for mosjonistane går første buss like etterpå. Start i konkurranseklasse og mosjon med tid er kl 12.09. Ca kl 16.00 blir det korpskonsert på Sveen, og kl 17.00 premieutdeling. Og om kvelden vert det stordans med Steinar Engelbrektson Band. her!
Påmelding til Storehesten Opp 2011
Fristen for førehandspåmelding via nettet gjekk ut ved midnatt 21. juni. Men du kan melde deg på i sekretariatet på Sveen fredag 24.juni kl. 18-20 eller på løpsdagen laurdag 25.juni kl. 08-10 i konkurranse og mosjon med tid, og kl 08 - start i mosjon utan tid. Nærare informasjon under Praktisk info.
DANS MED STEINAR ENGELBREKTSON BAND
Laurdag kveld 25.juni vert det stordans med Steinar Engelbrektson band på Sveen. Hallen vert pynta til fest med bl.a nyinnkjøpt belysning. I år kan vi også tilby nytt flott dansegolv på 100kvm. Det blir øl-, vin- og matservering. Dansen startar kl. 21.00. Aldersgrense 18 år.
FØLG OSS PÅ FACEBOOK
I det siste har vi lagt ut bilete frå arbeid med stien. Starten på stien har fått trapper i stein, og mange steinheller er lagde oppover mot og forbi Kårstadstølen. På facebook kan du også lese om Volvo i Førde, sprek sponsor av Storehesten Opp.
SALOMONCUP OG IDRETTSLAG
Vi minner at alle som ønskjer å delta i Salomoncupen må vere medlem i ein klubb/lag tilknytta Norges Friidrettsforbund. Dette betyr sjølvsagt at du også må oppgje denne klubben/laget når du melder deg på Storehesten Opp som inngår i årets Norgescup. Les meir på www.motbakkecup.no - sjå liste over medlemsklubbar her.
STOREBU UNDER STOREHESTEN?
GAULARFONDET STØTTAR STOREHESTEN OPP
JACK POT -
"FØRSTE UNDER TIMEN PÅ STOREHESTEN"
GÅVE FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE
Sparebanken Sogn og Fjordane har sidan starten i 2006 vore hovudsponsor til sjølve arrangementet Stoorehesten Opp, og har såleis bidrege stort til at Storehesten kan tilretteleggast for alle som vil på tur.
Storehesten Opp takkar ein stor lokalbank for gåva!
SALOMON MOTBAKKECUP 2011
Vi kan med glede informere om at vi også i år vert ein del av Norgescupen i motbakkeløp; Salomon motbakkecup 2011. Du kan lese meir om norgescupen i motbakkeløp her.
Løpa i Salomon motbakkecup: 21.mai Ulriken Opp i Bergen, 4.juni Hovlandsnuten Opp, Sauda, 25.juni Storehesten Opp i Bygstad, 16.juli Kvasshovden Opp, Ulvik (NM) og finale i Oslo 1.oktober med løpet Oslos bratteste.
PÅMELDING TIL ÅRETS LØP ER OPNA!
Då kan du endeleg melde deg på til 2011-utgåva av Storehesten Opp. Løpet går 25.juni, og påmeldinga via nettsida er no opna. Vi held fram med konkurranseklasse med start på Sveen ved fjorden og mosjon med tid og mosjon frå Stølshaugane (ca 400 moh). Gå til påmelding her
VELKOMEN TIL STOREHESTEN OPP 25. JUNI 2011
Gaular IL og arrrangementskomiteen vil invitere alle til neste års arrangement. I 2010 deltok mellom 1.200 - 1.300 personar. Kanskje blir det ny rekord i 2011?
Planlegginga er alt i gang, og det er gjort mykje utbetringar av traseen i løpet av hausten 2010. Vi kjem tilbake utpå nyåret med nærare informasjon om arrangementet og fristar for påmelding.
English







