Engelsk flagg English

TAKK FOR EIN FLOTT DAG!

Vi er svært imponert over den gode stemninga i fjellet, til trass for gjørmete underlag frå Stølshaugane til skaret - og skodde i toppartiet. Mange sat på toppen og heia konkurranseløparane i mål. Veldig kjekt at så mange tok turen til topps!

Konkurranseløparane presterte svært gode tider i år, sjølv om ingen klarte Jackpoten. John Sompol frå Kenya/Barakarunners vann herreklassa og May Britt Buer frå Gular vann kvinneklassa. 

Sjå bilder frå Storehesten Opp 2010.

Sjå Firda si biletereportasje her.

Les reportasje på kondis.no


Publisert 26.06.2010

VELKOMEN TIL BYGSTAD!

Vermeldingane for morgondagen seier nordvest brist, noko overskya i morgontimane, men lettskya og sol utover dagen. I startområdet ventast 12-14 grader på morgonen, men på toppen vil det vere noko kjøligare. Det kan vere utrygt for lett regn i morgontimane. Ta difor med regn-/vindtette kle, og det kostar heller ikkje mykje og bære med ei hue og eit par vottar om det skulle bli kaldt. Veret skiftar fort i fjellet.

Merk at mosjon- og mosjon med tid-deltakarane får busstransport til Stølshaugane (enden av grusvegen). Vis startnummer eller t-skjorte som bussbillett! Første buss går ca kl. 08, medan aller siste buss går kl. 11.30.

Vi ønskjer deg vel møtt til Storehesten Opp 2010!

Sjå liste over førehandspåmelde her.

Publisert 25.06.2010

STOREHESTEN OPP 26. JUNI 2010

Gjer deg klar for motbakkefest i Bygstad!

Som vanleg har vi klassar for mosjon og konkurranse. Nytt av året er klassa "mosjon med tid" med fellesstart frå Stølshaugane. Nytt er også Jackpot'en til den som klarer å sprengje draumegrensa under ein time (1.11 for kvinner) og Salomon Norgescup i motbakkeløp.

Les alt om praktisk info her.

Sjå liste over dei førehandspåmelde her.

Vel møtt!

Følg oss her på nettsida eller på Facebook for oppdatert nytt om løpet.


Publisert 16.06.2010

MOSJON MED TID

I tillegg til Jackpot'en er også klassa for mosjon med tid ny av året.

Mosjon med tid startar med fellesstart like ved snuplassen til bussane på Stølshaugane kl. 12.09 (samtidig med fellesstart konkurranse på Sveen). Deltakarane i mosjon med tid hentar startnummer og tidtakingsbrikke i konkurransesekreteriatet på Sveen. Vi har i år valgt å dele inn i klasser for jenter/gutar til og med 22 år og 23 år og eldre (altså totalt fire klasser). Det er inga aldersgrense verken i øvre eller nedre retning.

For deltakarar i mosjon med tid er det ikkje krav til å bere sekk, men vi oppmodar om å ta med varme og vind-/regntette kle, då veret snur raskt i fjellet.

Traseen går med unntak av dei heilt første meterane i sti- og fjellterreng. Frå Vardehaugane (ca 900moh) må ein rekne med nokre parti med snø. Total løypelengde er ca 6km med 800 hm stigning.

Mosjon med tid er klassa for deg som synest det er for langt å springe heilt frå fjorden, kanskje høver det spesielt godt for dei unge?

Vel møtt!

Publisert 16.06.2010

JACKPOT TIL FØRSTE UNDER TIMEN!

Årets pott er på kr 50 000 og kan vinnast av herre- eller dameløpar (11 minutt tillegg til timen i dameklassa).

JackPot'en veks med kr 50 000 kvart år i 5 år inntil at nokon spring under timen på Storehesten. Om ingen har klart målet innan 5 år ligg det altså ein kvart million kroner i potten. Legg deg i trening!!

Bak Jackpot'en står generalsponsor Firda Media og hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane.

Publisert 27.05.2010

SJÅ ÅRETS PLAKAT

Her kan du sjå eller skrive ut årets plakat med informasjon om arrangementet.


Publisert 21.05.2010

SALOMON NORGESCUP I MOTBAKKELØP

Vi har gleda av å informere om at Gaular IL og Storehesten Opp vert ein av sju arrangørar av Salomon Norgescup i motbakkeløp i 2010. Les meir om Salomon Norgescup her. Sjå terminliste med link til nettsider og les om poengberekning og premiering her.


Publisert 17.04.2010

RESULTAT STOREHESTEN OPP 2009

Her finn de resultatlista etter klasse og kjønn i konkurranseklassen, og lista med alle registrerte i mosjonsklassen.

Publisert 04.01.2010

STOREHESTEN OPP I MEDIA

Bildeserie på firda.no og nrk.no/sfj

Reportasje på nrk.no/sfj

Følg oss på Facebook - jamnlege oppdateringar på føreforhold og nyheiter frå arrangementet.

Publisert 04.01.2010