Engelsk flagg English

TAKK FOR I ÅR!

For ein dag dette har vore, strålande sol og fantastisk stemning frå start til mål. Det går mot ny deltakarrekord, vel 1400 har vore på toppen i dag. Jon Tvedts løyperekord frå 2007 vart slått, den nye rekorden er på 1.04.24 og tilhøyre John Mnangat Sompol. Det kjem meir informasjon, bilder og linkar fortløpande.

RESULTAT STOREHESTEN OPP 2009

Her finn de resultatlista etter klasse og kjønn i konkurranseklassen, og lista med alle registrerte i mosjonsklassen.

STOREHESTEN OPP I MEDIA

Bildeserie på firda.no og nrk.no/sfj

Reportasje på nrk.no/sfj

Sjå også oppdaterte bilete og informasjon på Origosida vår: http://storehesten.origo.no (meld deg inn!)

Velkomen til Storehesten opp laurdag 27. juni 2009.

For fjerde gong ynskjer vi nye og gamle deltakarar velkomen til Storehesten Opp i Bygstad i Sunnfjord.

Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om Jon Tvedts bortgang. Storehesten Opp 2009 kjem til å gi kr. 10,- per startkontingent til minnefondet Gular IL i Bergen har oppretta, sjå reportasje på Kondis

Nytt av året er forbetring av traseen frå Stølshaugane til Kårstadskaret.

Nettpåmeldinga er no opna,- i år kan du også velje t-skjortestørrelse på førehand.

Sjå bilder og reportasje frå 2008.