Engelsk flagg English

Praktisk informasjon:

KORLEIS KOME HIT?

Bygstad ligg i Gaular kommune i Sunnfjord, ca 20 km frå Førde by.

Køyrande frå Bergen tek av frå E39 på Sande til rv 610 mot Dale, følg skilting til Bygstad (rv 57). Parkering ved Sagbruket. Køyrande frå Førde tek du av frå E39 ved Storehaugen til rv 57 mot Bygstad og tek av på Fv 422 for å kome til parkering på Sagbruket. Derfrå vil det bli busstransport til start på Sveen. Sjå kart over området på www.gulesider.no

Du kan ta fly til Førde lufthavn, Bringeland (FDE). Widerøe flyg dagleg direktefly til og frå Oslo og Bergen. Sjå www.wideroe.no

Det går dagleg buss frå Bergen, Oslo og Trondheim, samt lokale ruter i fylket. Nokre har endepunkt i Førde. Sjå www.ruteinfo.net eller www.nor-way.no

Sentrum for arrangementet er Sveen i Bygstad. Sveen er arena for sekreteriat, matservering, dusj og toalett. Her vil også vere underhaldning heile dagen, premieutdeling kl. 17.00 og bryggedans om kvelden. Det vil vere skilta til ”Storehesten Opp” frå E39. Parkering ved Sagbruket, buss til start.

Du finn kart hos Gule Sider (søk på Bygstad, Gaular).

SEKRETARIAT

Du hentar startnummer i sekreteriatet i hallen på Sveen. Sekreteriatet har desse opningstidene:

Fredag 29. juni: kl. 18-20
Laurdag 30. juni: kl. 08-10 (konkurranse og mosjon med tid) og 08 - start (mosjon)

Prisar for påmelding:

Konkurranse: Via nettet kr. 400. Via sekretariatet kr. 500

Mosjon med tid: Via nettet kr. 300. Via sekretariatet kr. 400

Mosjon vaksne (f.1999 eller tidlegare): Via nettet kr. 200. Via sekretariatet kr. 250.

Mosjon barn (f.2000 eller seinare): kr. 100

Påmelding- og betalingsfrist via nettet er 26.juni kl. 23.59.

STARTTIDSPUNKT

Konkurranse: Fellesstart frå Sveen kl. 12.09

Mosjon med tid: Fellesstart frå Stølshaugane kl. 12.09

Mosjon startar på Stølshaugane (410 moh.) i enden av skogsbilvegen frå Berge/ Rytnane mellom kl. 09.00 og 11.00.

Alle betalande deltakarar får gratis busstransport til og frå Stølshaugane. Første buss går kl. 08.00, deretter fortløpande. Siste buss opp går kl. 11.30.

KRAV TIL DELTAKARANE

Alle deltakarane i konkurranseklassa må ha sekk på 2,5kg. Det blir hengt opp vekter ved start og det vil bli tatt stikkprøver på toppen. Deltakarar i mosjon med tid har ikkje krav om sekk, men vi oppmodar alle til å ta med vind- og regntette kle då veret fort kan endre seg i høgfjellet.

KLASSEINNDELING

Mosjonsklasse (utan tid)
Ingen vidare klasseinndeling

Mosjon med tid
Gutar/jenter (15 - 22 år)
Menn/kvinner (23 år og eldre)

Konkurranseklassar, alder frå og med -  til og med (med tid):
Gutar/jenter (15 - 17 år)
Gutar/jenter (18 - 19 år)
Gutar/jenter (20 - 22 år)
Menn/kvinner (23 - 34 år)
Menn/kvinner (35 - 39 år)
Menn/kvinner (40 - 44 år)
Menn/kvinner (45 - 49 år)
Menn/kvinner (50 - 54 år)
Menn/kvinner (55 - 59 år)
Menn/kvinner (60 - 64 år)
Menn/kvinner (65 - 69 år)
Menn/kvinner (70+ år)

PREMIERING

Premieutdeling på Sveen kl. 17.00.

T-skjortegaranti til alle som melder seg på via nettsida. 

Konkurranseklasse

Nr 1 Herre, uansett klasse kr 10 000
Nr 1 Dame, uansett klasse kr 10 000

Nr 2 Herre, uansett klasse kr 6 000
Nr 2 Dame, uansett klaasse kr 6 000

Nr 3 Herre, uansett klasse kr 4 000
Nr 3 Dame, uansett klasse kr 4 000

Nr 4 Herre, uansett klasse kr 2 000
Nr 4 Dame, uansett klasse kr 2 000

Klassevinnarpremiar

Herre, løyperekord, kr 10 000
Dame, løyperekord, kr 10 000

Mosjonsklasse med tid

Nr 1 Jenter, kr 1 000
Nr 1 Gutar, kr 1 000

Nr 1 Kvinner, kr 1 000
Nr 1 Menn, kr 1 000

Klassevinnarpremiar

Mosjonsklasse utan tid

Uttrekkspremiar på startnummer

JACKPOT 2012: Kr. 150 000 til første løpar under 1t (under 1t 13 min for damer). 

Jackpoten starta i 2010 på kr. 50 000,- og vil få eit årleg tillegg på kr. 50 000,- inntil utbetaling eller maks 5 år. Jackpoten kan vinnast av begge kjønn, men gjeld for konkurranseklassene som startar ved Sveen (lang løype). Herrar må under 1 time, og kvinner under 1 time og 13 min. Dersom kvinne og mann kjem under tidene samme året, vil den som har beste tid (omrekna for tillegg kvinner) få premien. Dersom Jackpoten ikkje er utbetalt innan 5 år (2014) skal pengane vidareførast som premiepott for Storehesten Opp, og detaljar må avklarast med eigarane av Jackpot; Firda Media og Sparebanken Sogn og Fjordane.


LØYPETRASE

Sjå løype- og stigningskart under

Lengde frå start på Sveen, høgde over havet og terrengtypar

Sveen – Berge 

0-2,5 km  og   0-190 m.oh.

asfaltert offentleg veg

Berge – Stølshaugane

2,5-5 km  og   190 – 410 m.o.h

grusa skogsbilveg

Stølshaugane – Skaret

5  -  7 km  og  410 -  665 m.o.h

skogs-/ beiteterreng og sti

Skaret – Sauekrånakkane

7  -9,8 km  og 665 - 1000 m.o.h

lett fjellterreng og sti

Sauekrånakkane – Toppen 

9,8-11  km  og 1000 - 1209 m.o.h

ur/ stein og lett fjellterreng

Merking: Som tidlegare år vil det bli lagt ut samanhengande tau som merking i løypetraseen for konkurranse- og mosjonsløparar frå Stølshaugane til toppen av Storehesten.

Konkurranseklassen startar på Sveen, og følgjer løypetraseen til toppen. Lengda på traseen er 11,02 km med stigning på 1209 meter. I tilfelle ekstreme veirtilhøve  (særleg vind) vil målområdet blir trekt ned til dei 2 lavoane som står under Sauekrånakkane, ca 1000 m.o.h. Dette vil i så fall bli gjort kjent dagen før løpet.

Mosjonsklassen og mosjon med tid startar på Stølshaugane (busstransport dit) og følgjer deretter same trasè som konkurranseløparane. Lengde: 6km. Høgdeskilnad: 600m til toppen.