Engelsk flagg English

VELKOMEN TIL STOREHESTEN OPP 30. JUNI 2012

Gå til nettpåmelding her. NB! Melder du deg på før 1. juni, doblar du sjansane dine til å vinne 10 000 kroner! Sjå nedanfor.

NM I MOTBAKKELØP 2013

Er tildelt Storehesten Opp. Vi gler oss! 

TRENINGSTIPS

Det er på tide å starte treninga til løpet i juni. Programmet under krev at du har vore noko aktiv tidlegare. Er du heilt nybyrjar kan du redusere litt på tida på alle øktene og dragtid på intervalla, så er du i gang. Vi kjem tilbake med eit nybyrjarprogram seinare. Lukke til!

3-dagars program (3 dg per veke)

Økt 1: Intervall. 3 - 4 - 5 - 4 - 3 minutts drag, 3 minutts aktiv pause. Intensitet 4 på ein skala frå 1-5. Oppvarming og nedvarming i tillegg. Alternativt: 5 x 4 minutt, 6 x 3 minutt). Siste draget skal gå like fort som det første.

Økt 2: Distanse: Halvhardt tempo i 20 min - 1 time. Intensitet 3, avslutte like fort som du startar.

Økt 3: Rolig langtur. 1 - 3 timar. Rolig pratetempo. Intensitet 1-2. 

Har du høve til 5 økter, plussar du på med ei intervalløkt og ein langtur til. Styrketrening for mage-rygg og bein kan du legge til eit 15 minutts program etter ei-to økter per veke. 

Rørsleform: ski, sykkel, springing. Prøv å legg dei harde øktene til motbakketerreng, uavhengig av rørsleform.

PÅMELDINGA ER OPNA !

Meld deg på via nettet – og vinn 10 000 kroner !

Alle som melder seg på til Storehesten Opp 2012 via nettet, vil vere med å kjempe om ein uttrekkspremie på heile 10 000 kroner.
Melder du deg på før 1. mai, 3-doblar du sjansane dine, og før 1. juni doblar du sjansane dine til å vinne. Vi trekkjer ut og offentleggjer vinnaren på premieutdelinga på Sveen på løpsdagen.

Påmeldinga er opna, så meld deg på i dag og ver med i trekkinga!

Gladmelding til alle frå Storehesten Opp !

Storehesten Opp v/Gaular IL er nyleg tildelt ei gåve på heile 175 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Pengane vil bli nytta til vidare opprusting av stien frå Stølshaugane til toppen på Storehesten. Dette er ei fantastisk gåve som gjer det muleg for oss å tilby ei endå betre og sikrare løype i 2012, til glede både for konkurranseløparar og mosjonistar, seier leiar i arrangementskomiteen, Helge Kårstad.

Sparebankstiftinga har tidlegare gitt 100 000 kroner til arbeidet med stien. Med god støtte frå helikopterselskapet Airlift er desse pengane brukt til å legge ut store steinheller på våte parti. No kan dette arbeidet fullførast.

STOREHESTEN OPP 2011 - PÅ VIDEO!

No kan du få oppleve Storehesten Opp 2011 "live". Danske Claus Guttesen deltok i mosjon med tid, og filma løpet frå Stølshaugane til toppen. Han takkar for eit flott tilrettelagt arrangement frå a til å, der alt var heilt topp unntatt veret, og det styrer ingen. Han har sendt oss ei redigert utgåve av filmen (ligg på YouTube).

Arrangementskomiteen takkar for videoen og dei gode tilbakemeldingane på årets arrangement, og ønskjer alle hjarteleg velkomne tilbake i 2012!

og 7-fjellsturen samarbeider med Storehesten Opp